Fotballgruppa har som vanleg treningsleir i Danmark i forkant av Påska. Det er to treningar pr dag så gutane er stinn av trening og ganske trøtte etter kvart. Trenar Tore Agledal får i år konsentrere seg om treningane og det sportslege. Han har med seg Anders Sunnarvik som ordner det meste ikkje sportslege.
 

Tirsdag spelte Eikefjord mot Svelvik utenfor Drammen. Dette var eit godt 4. div. lag som skåra eit mål i kvar omgang. Fortjent tap seier Tore, men framhever at Eikefjord gjorde ein god kamp forsvarsmessig.
Onsdag spelte Eikefjord mot juniorlaget til Sparta i Sarpsborg. Eikefjord leda 1-0 til pause etter skåring av Joackim Strømsnes og hadde ellers mange store sjansar som burde settast. I andre omgang datt laget saman og Sparta skåra to mål. Eikefjord hadde også i denne omgangen sjansar for blankt mål som ikkje ville inn. Vi set det på kontoen for stor slitasje med to daglege treninger, seier Tore.
I morgon, Skjærtorsdag er det igjen to treningar før laget set nasa nordover tidleg på Langfredag. Natt til laurdag reknar dei å være heime igjen.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2