Lørdag hadde grendalaga på begge sider av Ramsdalsheia innvitert til aktivitetsdag ved Trollstova. Ein av dei verkeleg harde utfordringane var Trollrittet, eit sykkelløp frå Svarthumla og opp til toppen. Rittet blei vunne av Dagmund Ramsdal og olympiamester Margun Hauganes.

Eit fantastisk løp, men beintungt seier Rune Horgen i arrangørklubben Flora Cykleklubb. Det er kjekt å sjå at unge frå 9 års alderen stiller i løp med superveteraner. Dei to damene som deltok sette også farge på løpet. Dagmund Ramsdal brukte 19 min. og 18 sek. oppover fjellsida og gjekk i mål 13 sek. foran Odd Arne Langedal som gjekk seg litt stiv på slutten. Det var også sett opp premie på idealtid, her vant to gutter på 12 år så i dette løpet har alle sjanse til å vinne eit fint troll.

Dei andre aktivitetane rundt Trollstova var også godt besøkt. Her var rappelering i fjellsida, luftgeværskyting og ridning. Damene i kafeen hadde også mykje å gjere. Hjortegryta gjekk unna og det var jamt tilsig av folk heile dagen

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2