Anita Løkkebø er valgt til ny leiar i FAU på skulen. Anita sa seg villig til å stille som leiar etter at det på forige møte ikkje var nokon som ville ta på seg leiarvervet. Les møtereferata på skulesida.

M ø t e b o k

 

For

 

F A U


Torsdag 20.10.05 kl. 19.00 vart møte halde på klasserom 9 på Eikefjord skule.

Til stades: Janne Tonheim, Vigdis Foss, Anne Cathrine Øren, Anita Løkkebø, Trine Tønnessen, Leni Endestad, Kjell Humlestøl og Idar Øren.

Frå skuleadministrasjonen møtte Aslaug Kvamsås Aa.
Lagleiarane ved skulen var kalle inn, og Solfrid Langedal møtte for ungdomsskulen og Irene Knapstad for småskulen.

Forfall: Geir Magne Øyra, Jan Telstø, Nina Hovland Liseth, Even Hamn, Oddvar Endestad, Ole Jonny Lid, Nina Løkkebø, Margunn Bakke, Ingunn Bergheim og Monika Knapstad.

Møteleiar: Marlyn Tonheim

Anita Løkkebø starta med å ynskje velkomen og med å gjere merksam på rettingar av namn på klassekontaktar på innkallinga.

Møteboka for møtet 29.09.05 vart godkjent slik den ligg føre etter at den vart opplest. Ingen hadde fått kopi..

Marlyn Tonheim informerte om at det var tatt kontakt med Edvin Helgheim med spørsmål om film frå Hamna i fjor. Han opplyste at Eirik Husabø sit på råmateriale og Anita tek kontakt med Husabø for å få tak i filmen.

Saker til handsaming:


Sak 23/05 Lokalhistorisk veke – kva planar har skulen for denne veka? Kva kan FAU bidra med?

Anita Løkkebø har snakka med Sverre Hesjedal i Pensjonistlaget og ho har vore på møte med dei. Dei er interesserte dersom skulen vil ha eit samarbeid. Anita har fått fleire namn på liste over dei som kan vere med og hjelpe.

I barnehagen har dei jobba med leiker frå tidlegare tider, og Anita har snakka med styrar som er positiv til eit samarbeid med småskulen.

Irene Knapstad informerte om at dei har tenkt å leggje seg på mattradisjon, der kvart trinn lagar ulike rettar. Dei vil prøve å lage til eit gammaldags miljø, ha på seg gamaldagse klede og dele ut smaksprøvar.

Stig Petterson frå mellomtrinnet var ikkje på møtet, men Aslaug informert om at dei ville jobbe med etterkrigstida i kvardag og fest som eit aldersblanda opplegg.

Solfrid Langedal informerte om at ungdomsskulen ikkje skulle ha noko felles opplegg.

8. klasse: 4 støylar i området
9. klasse: Eldre bygningar i Eikefjord sentrum
10. klasse: Arbeidslivet før 1960.

Vi diskuterte om skulen skulle ha ein avslutningsfest med utstilling for foreldra, men vart einige om å ikkje planleggje noko felles. Kvart lag avgjer om dei vil ha kveldsarrangement. I så fal tek dei kontakt med klassekontaktane for å få hjelp.

Ymse

Pensjonistlaget ved Sverre Hesjedal ynskjer eit samarbeid med skulen for å få gjensidig kontakt. Aslaug K. Aa stilte seg svært positiv til innspelet og vil invitere Hesjedal til ein langdag.

Bading: Aslaug tok opp spørsmål om korleis ein skal handtere barn som skal vere att i Florø. Vi vart raskt einige om at elevar som skal vere att i Florø etter bading må levere skriftleg melding. Elevar på småskuletrinnet må hentast før bussen køyrer, elles må dei vere med bussen tilbake til skulen.

Kantinebrakke: Trine Tønnessen informerte om at brakka skal komme på laurdag.

Skulebuss til Humlestøl: Ein av klassekontaktane ynskte at skulen tek opp med Firda Billag problem med stabilitet på skuleruta. Aslaug informerte om at skulen alt har tatt kontakt. Skulen og FAU skal skrive eit felles brev til Firda Billag onsdag 26.10.05. Skuleleiinga ber om at foreldre melder frå til skulen når der er problem.

   

Møtet slutt kl 20.30

Marlyn Tonheim

referent

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2