I helga var det aspirantleir på Rognaldsvåg skule på Reksta, og 9 aspirantar frå Eikenøtt 4H fekk ei minnerik helg der. Vi fekk 1. og 2. plass på naturstien, mykje takke talentfulle "flyndrekastarar".

Vi reiste med båt frå Florø laurdag morgon klokka 8.30 og kom fram til Reksta utan at nokon frå Eikenøtt 4H vart sjuke. Det var det derimot andre frå Florø som vart - dei hadde nok starta litt tidleg med å ete snop:-)

Det regna då vi kom til Rognaldsvåg, men sette likevel opp telta våre. Heldigvis slutta det å regne, og vi fekk fint ver heilt til vi skulle heim att. Etter at telta var komne opp skulle vi bli kjende med kvarandre. Det var 34 born frå 5 ulike 4H klubbar i kommunen, og nokre vart visst etterkvart veldig godt kjende med kvarandre. Før vi skulle i gong med aktivitetane fekk vi lunsj, og alle var svoltne og åt godt.

4H'arane kunne velje mellom 4 aktivitetar: fisketur, fjelltur til Trollhola, sløyd og kjøkkenteneste. Seinare var det tomatsuppe med sjølvlaga rundstykker til middag, underhaldning i gymsalen, frileik, pizza til kvelds og til slutt diskotek. Det skulle vere stilt i leiren kl. 23.00, men den tida klarte vi ikkje heilt å halde. Det var nok nokre 5. klassingar som var trøytte måndag morgon da dei kom på skulen.

Søndag var vi tidleg oppe og åt frokost. Vi pakka saman telta, og fekk tid til å gå ein tur på kaia og fiske før det var tid for natursti. Vi delte oss inn i grupper på 2-4 personar, og skulle gå ei oppmerka løype med 15 postar. Det var på siste post, der det var praktisk oppgåve med å kaste flyndresteinar, at Eikenøtt 4H utmerka seg. Kanskje var det klasseturen til Kinn dagen i forvegen som var skuld i dette, for det var visst mykje flyndresteinkasting der. Vi avslutta leiren med å ha nokre leikar i gymsalen før turen med båt tilbake til Florø fann stad.

----- Medlemmene i 4H er frå 10 til 25 år. Dei vert delt i grupper etter alderen:
10-11 år Aspirant
12-14 år Junior
15-19 år Senior
19-25 år 4H-alumn

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2