ImageBarnehagen skal dei neste 3 år være med på eit EU finansiert prosjekt med tittelen " My world of play - The European child". Barnehagen skal samarbeide med ein barnehage i Polen, ein barnehage i Italia og ein i Nord - Irland.

1. året handler det om å gjere seg kjent med kvarandre. Vi skal gjere oss kjent med Polen, barna skal utveksle sine kvardager med barna i dei andre barnehagene, seier leder Dag Nybø i barnehagen. Vidare vil vi prøve å få til at barna kan kommunisere med kvarandre via webcam. Slik kan vi bli kjent med polske forhold og dei polske barna kan gjere seg kjent med norske forhold.
I November vil nokre av personalet i Eikefjord barnehage reise til eit prosjektmøte i Polen. Våre samarbeidspartnare kjem til Eikefjord mai neste år. Vi vil prove å legge dette rundt 17 mai slik at dei polske gjestane kan få oppleve den norske nasjonaldagen.
Andre året vil personalet og barna gjere seg betre kjent med barnehagane i Italia og Nord Irland. I tillegg vil dei andre og tredje året ha fokus på å utveksle leiker med kvarandre og gjere seg kjent med kva dei ulike barnehagane leiker med som, t.d sangleiker. Eikefjord Barnehage vil og fokusere litt på "gamle" tradisjonsleikar som "spark på boks"
I prosjektperioden skal barna lage ei eiga bok som skal sendast til barna i våre samarbeidsbarnehager, avsluttar Dag Nybø som er tydeleg stolt over at barnehagen har fått til dette samarbeidsprosjektet.

Les hos Fylkesmannen

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2