ImageBiskop Ole Hagesæter besøkte fredag Eikefjord. Kona til biskopen var imponert over den vakre naturen, blå fjord og snødekte fjell og det heile hylla inn i strålande sol.

Biskopen var først i kirka og der var heile Eikefjord skule samla. 175 elevar og 20 lærarar slik at det totalt var over 200 i kirka. Biskopen trekte spesielt fram sangen "Deg være ære" som mest løfta taket i den intime kirka.
Etterpå var det besøk på Omsorgstunet der bispen og hans følge fekk helse på mange av dei eldre i bygda. Dersom eg ikkje alt hadde sikra meg ein plass å være i alderdommen, kunne eg godt tenkt meg å flytte hit, sa biskopen. Deretter leda han allsang og ga ei lita orientering om bispegjerninga framgjennom tidene. Han fekk også sjå innom ei av leilighetene på Omsorgstunet.
Siste post på Eikefjordbesøket var lunch på Allhuset. Her orienterte soknerådet om sitt arbeid og Per Øyvind orienterte om Grendalaget og deira prosjekt.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2