ImageI fjor blei den nye brua på Storebru tatt i bruk og dermed gjekk gamlebrua over til å betjene lokaltrafikken mot Endestad. Denne brua vart bygd i 1944 i erstatning for den gamle trebrua som stod litt lengre oppe i elva.

Konrad Øren minnest godt arbeidsgjengen som stod for det strevsame arbeidet. Bjelkane som var 21 meter lange vart rekt på plass med stubbebrytar og rusta vart fjerna med smergelbryne av to mann på kvar bjelke. Dei to betongblandarane var motordrevne og det var brukt trillebåre til å køyre betongen utover dekket. Det var kaldt desse desemberdagane så det var laga bål for å halde oppe varmen. I tillegg var det brukt halm til å dekke over betongen slik at dette isolerte mot kulda. Konrad Øren huska han og Olav Sørdal hadde bålvakt i to døgn etter at brua var ferdigstøpt.
Det hasta å få ferdig brua då den gamle brua var i svært dårleg forfatning og i verste fall kunne bryte saman.
Kilde Firdaposten

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2