Dei som pendlar med buss frå Florø og Eikefjord har sett seg lei på at Firda Billag ikkje prioriterer dei som starter på jobb kl 7, 8 og 9 om morgonen. Alle bussane om morgonen frå Florø kjem til Førde 10-20 min over heil time og er dermed utelukka for mange pendlere.
20050918

Ikkje nok med det, rutene om ettermiddagen frå Førde startar kvarteret før heil time så også her mister busspendlarane mykje tid.
Nokre av pendlarane har sendt brev til Firda Billag om betring av rutetilbudet. Mange har oppfatta at pendlarane meiner at bussen burde kutte ut Eikefjord sentrum som stoppestad. Det pendlarane vil er at dersom det går to bussar treng ikkje begge gå om sentrum slik at den eine rekk inn til Førde slik at dei slepp være eit kvarter for sein til jobb kvar dag.

Ann-Kristin G. Langedal likar ikkje at her kanskje er ei misforståing om å kutte ut Eikefjord sentrum som stoppestad og skriv følgande til eikefjord.net:
Dei som les avisa Firda har kanskje fått med seg lesarinnlegg, artiklar og leiar (i fredagens avis) som omhandlar Firda Billag og situasjonen for pendlarane til/frå Florø/Eikefjord/Førde. I den forbindelse kan det muligens ha dukka opp ein misforståelse, og derfor vil eg no prøve å oppklare ein viktig ting.

Det har ALDRI frå vår side vært meininga at Eikefjord skulle misse busstilbodet sitt. Vi har etter slik saka har blitt framstilt i media, sett at det kan verke slik for dei som berre har lese om saka der. Det vi meinte var at suppleringsbussen som no er sett inn i ruta, kan ta med seg passasjerane frå krysset ned til Eikefjord, og til Førde, så kan den andre fortsette på "nyevegen". Dette gjeld sjølvsagt ikkje i skuleferiane når det ikkje går ekstrabuss.

Firda Billag svarar med at dei er låst med hensyn til rutetider fram til 1/5-2006. Det skulle gi god tid for alle partar å komme saman og få til eit tilbud som alle kan være fornøgd med.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2