ImageDet var hektisk aktivitet på Hatleset i kveld. Skytebas Arve Rasdal fekk æra av å sprenge den siste store salva. Gravemaskiner var klar til å legge dekke over salva som etter planen skulle gå like etter kl 21.30. Det var stor trafikk i minuttane før sprenginga, så her hadde informasjonen nådd fram til dei fleste.

 

Mesta sine folk evakuerte folk og båtar vekk frå sikkerhetssona på 400 meter før det vart gitt klarsignal. Kl 09.45 small det og ca 1000 kubikkmeter gjekk av i ei salve som byggjeleiar Arne Strand meinte måtte være full klaff.

ImageStraks etter salva gjekk anleggsarbeidarane igang med å rydde. Store steinblokker må knusast og mykje stein må køyrast vekk før vegen skal være kjøyrbar i morgon tidleg kl 05.00.
Trafikken blir ikkje sett over på denne parsellen før i juni når den er ferdig asfaltert og rekkverk er kommen på plass.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2