ImageFleire og fleire barnefamilier ser fordelen med å kunne bu på mindre stadar der barna har trygge og gode oppvekstvilkår. Kort veg til barnehage og skule. Eikefjord er ein slik stad, og no er Bolig Bygg Florø AS klar til å starte utbygginga av eit nytt tomtefelt som det er knytta stor interesse til.
Eikefjord er ei bygd i Flora kommune og ligg sentralt til i forhold til arbeidsmarknaden i Flora og Førde.

Fleire og fleire finn det praktisk å bu i bygda og pendle til dei to Sunnfjordbyane. Med den nye vegen mellom Florø og Førde som er ferdig til sommaren 2005, er køyretida til dei to Sunnfjordbyane redusert til godt under halvtimen.
Bolig Bygg Florø AS vurderer bustadmarknaden i Eikefjord til å vere svært ineressang, og no satsar dei på eit nytt bustadfelt i Storevika med 11 einebustadar og 5 tomannsbustadar.
Dagleg leiar i selskapet Rune Ottesen ser lyst på å skaffe ineressentar til bustadfeltet som er under opparbeiding i Storevika. Så langt har dei bygt 3 tomanns-bustadar og har under oppføring ytterlegare 2 til. I tillegg er det prosjektert ein einebustad aust for fylkesvegen. Ottesen reknar med at sommaren 2005 vil dei starte bygginga av einebustadar i feltet mellom sjøen og fylkesvegen. I alt skal det førast opp 10 bygg i dette feltet. Notar Eiendom Førde har avtale med Bolig Bygg Florø om sal av bustadane og Ottessen opplyser at bygginga startar så snart ein har kjøpar på plass.

Unikt felt
Bustadfeltet i Storevika ligg vakkert til vent mot fjorden. Solrikt med sol til langt på kveld. Mellom fjæra og tomtane vil det vere eit belte på 25 meter til fellesareal. Fjæra vil bli jamna med sand og grus frå området og vil vere eit stort aktivum for eigedommane i feltet. Nærleiken til sjøen, utsikta og solforholda gjer at dette bustadområdet må kunne seiast å vere unikt seier Ottesen.

Ei bygd i utvikling
Eikefjord har hatt ei positiv utvikling dei seinare åra på mange område. Mykje kan tilskrivast eldsjeler i bygda som har stått på for å skape eit godt og levedyktig lokalsamfunn. Sentrum har fått eit skikkeleg anskiktsløft med gangvegar, dekke og murar av høg kvalitet. Riksvegen er lagt ut om sentrum noko som gjer det tryggare for dei mjuke trafikkantane å ferdast. For tida vert det gjennomført eit stort arbeid med å oppgradere strandsona med gangvegar, strandpromenade, badeplass og andre fasilitetar. Bygda har barne og ungdomsskule, barnehage og ein del mindre servicefunksjonar i sentrum av bygda. Alt dette er innanfor gåavstand frå byggefeltet i Storevika. Og det som betre er, ein kan nytte seg av trygge gangvegar.

Barnevenleg
Feltet i Storevika har i tillegg til friområde i og ved fjæra eit friområde som er tiltenkt barna sim aktivitet. Lenger aust i feltet er det opparbeidd kommunal leikeplass og ballbinge er under arbeid. Barnehagen ligg tett ved i gåavstand for dei minste. Etterkvart vil ein og kunne gå til og frå slulen på sikre gangvegar. Marka med skogsvegar og fint turområde er næraste nabo. For dei som vil dyrke sjølivet så er småbåthavna berre 200 m unna.

Fleire val
Byggmann vil prosjektere ulike bygg tilpassa dei ulike tomtane. Størrelsen og prisen vil vere ulik for dei forskjellige eigedomane. Dei minste husa vil ha eit bruksareal på ca 140 m2 medan dei største vil vere på 225 m2. Husa kan leverast nøkkelferdige. Eit anna alternativ kan vere å levere klart til maling og legging av gulv. Ottesen opplyser at prisane vil variere frå knappe 2 mill og oppover. Kjøpar vil kunne avtale graden av ferdiggjering. Dei fleste bustadane vil ha 4 soverom. Alle bygga blir på to plan. For dei som ønskjer ei noko billegare buform, er det enno høve til å skaffe seg leilegheit i påbyrja tomanns-bustadar overst i feltet.

Først til mølla
Som nemnt vil Notar stå for salet av eigedomane i Storevik-feltet, og dei vil oppmode interessentar alt no å ta kontakt. Etter kvart vil det bli lagt ut konkrete salsprospekt på definerte tomtar påståande prosjekterte bustadar. Vi trur det er mange som har venta på dette feltet, og reknar med stor interesse for bustadane. For deg som i dag bur andre stadar men som ønskjer å verte eikefjording, der er no du har sjansen, og du kjem ikkje til å angre på valet.

Notar 57 10 55 00 www.notar.no
Bolig Bygg Florø AS 57 75 00 36 www.byggmann.no

Kilde Notar avisa

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2