Med to gode omganger og årsbeste feia Eikefjord Loen av bana i toppkampen i 4. divisjon. Med 3 mål i andre omgang var det berre smil å sjå på Eikefjord benken.

I dag spelte vi to gode omgangar og då kjem resultata, seier trener Tore Agledal. Når i tillegg Tor Erik spelar ein stor kamp i forsvar og vi held 0-en for første gang i år, er det storveis. No skal vi bruke sommarferien til å diskutere målsettinga for sesongen. Hittil har målsettinga vore å holde seg i toppen av divisjonen, og med Torstein Grytten som no er klar er det naturleg å heve denne målsettinga eit hakk. Dei som kjenner fotballmiljøet i Eikefjord er heilt sikker på at Eikefjord no går for opprykk.
Eit lite skår i gleda er Erik Ove Sunndal sitt tredje gule. Han må dermed stå over mot Førde II som er første kamp etter sommarferien.

Kampfakta:
1-0 49min. Per Tore Magnussen
2-0 64min. Finn Ove Arnes
3-0 76min. Per Tore Magnussen

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2