Eikefjord spelte uavgjordt 2 - 2 mot Selje i går. Med ledelse 2 ganger og godt spel i starten burde Eikefjord vunne denne kampen.

Det begynte godt for Eikefjord. Alt etter 6 minutt leda dei og hadde god kontroll. Laget spelte seg fram til mange halvsjansar, men vart for upresise i siste pasninga slik at Selje fekk rydda opp. Etter 20 min. slapp dei Selje inn i kampen, og etter 30 min kom utlikninga.
I andre begynte Eikefjord godt. Torstein Grytten tok eit solo raid og runda 4 - 5 mann og skåra. Men Selje kom igjen og Eikefjord hadde meir enn nok med å rydde i forsvar. Eikefjord kom atter inn i kampen, men det var Selje som hadde flaks med ei dommaravgjering og klarte å dra iland uavgjordt.
Denne kampen burde vi avgjordt dei første 20 minuttane, seier Tore Agledal, og legg til at det kan bli vanskeleg å hente inn dei 4 poenga som Selje leder med på tabellen.

Kampfakta:
6 min. 1-0 Erik Ove Sunndal
30 min 1-1
47 min 1-2 Torstein Grytten
86 min 2-2

Les også Firdaposten

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2