ImageEikefjord grusen er no historie. Grusen som i tørt veir var støvete og i regnveir tung og gjørmete er borte for alltid. I dag begynte arbeidet med å legge kunstgraset på stadion og dei to som arbeider med graset gjer rekne med å fullføre arbeidet på ei veke.

Skal dei klare dette er dei avhengige av fint veir når dei skal lime saman teppene og graset bør også være ganske tørt når gummikulene skal leggast ned i "grasrota". Desse gummikulene vil bli eit problem for mange vaskemaskiner framover. Etter kvar trening og kamp vil nokre av kulene følge klærene heim og dersom ein ikkje er påpasseleg og ristar klærene godt vil dei legge seg i pumpa i vaskemaskina. Det fine er at ein slepp i vert fall all sanden som var umuleg å riste ut av klærne.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2