ImageVelkommen til Eikefjord.net med nytt design. Designet markerer også overgang til nytt program som styrer sida. Dette er eit CMS system der fleire kan logge inn og legge ut både nyhende og anna informasjon som ligg på sidene. Dette skal sikre ei breiare dekning på nyhende i bygda, samtidig som sida ikkje er avhengig av ein person, ein PC og ei datalinje ut av bygda.

Eikefjord.net har eksistert i mange år. Først var det ein nettstad for ungdommar i Ungdomslaget. Seinare tok Grendalaget over og brukte sida for å legge ut informasjon om arbeidet sitt. I 2003 tok Kenneth og Odd Asle Endestad initiativ til å legge om nettstaden til ein nettstad der eikefjordingar skulle finne nyhende frå Eikefjord og informasjon om Eikefjord.
Nettstaden er godt mottatt og har i snitt over 100 besøkande kvar dag både frå inn og utland. Tilbakemeldingane er gode og gjer dugnadsarbeidet med sidene mykje lettare.

Ein stor fordel med CMS programmet er at ein kan logge inn og styre programmet frå ein hvilken som helst PC. Programmet ber berre om påloggingsnavn og passord og dermed kan ein legge inn nyhende frå Eikefjord sjølv om ein er i heilt andre himmelstrøk.

Menyen til venstre på Framsida er ein portal til dei vanlegaste sidene som ein treng. Her er lokalavisene og dei største riksavisene, banker og søkemotorar, kommunikasjon og offentlege etatar.
På menyen under bildet vil du finne viktig informasjon om Eikefjord. Eikefjord info er foreløpig lagt ut på tre språk og vil bli utvida med nederlandsk med det første. Her finn ein også informasjon om stiar i fjellet, lag og organisasjonar, institusjonar. På kalenderen vil det leggast ut informasjon om arrangement og viktige hendingar i Eikefjord.

Ein annan viktig ny funksjon er søk på Eikefjord.net. Her kan du søke på alle artiklar og anna informasjon som er lagt ut på Eikefjord.net. No i starten er berre nyhende for 2005 lagt ut, medan nyhende frå 2003 og 2004 vil bli lagt i arkivet i løpet av kort tid. Bildearkivet er ikkje klart endå, men vil bli oppretta og lagt til i menyen.
CMS programmet har også eit forum som vil bli lagt til etter kvart. Her vil det bli oppretta diskusjonsforum der ein kan komme med kommentarar til saker som skjer i Eikefjord, eller kanskje dei sakene som ikkje er på
dagsorden enda.

Ta deg litt tid og surf rundt på Eikefjord.net. Du vil fort finne ut at dette er eit godt hjelpemiddel både til å finne lokalavisene og finne informasjon om Eikefjord.

Velkommen som brukar av www.eikefjord.net

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2