ImageI påska har nokre eikefjordingar vore på eit av verdas største datasamlingar i lag med 5200 andre ungdommar. Bildet viser om trent halvparten av hallen.

Onsdag åpna showet med ca 1 time køståing for å bli registrerte. Deretter var det inn i hallen, finne sin plass og koble seg opp i nettverket. I 12 tida om natta var alle kobla opp og hadde tilgang på internett.
Dei mest populære spilla denne gangen var oldschool spill som CS, Warcraft og Quake III. Ellers blei det bytta ei mengd program, bilder og anna informasjon.
ImageEikefjordingane som var i Vikingskipet likte seg og er klar for ein ny tur neste år om sjansen byr seg. Det er ikkkje berre data som er kjekt på TG. Sceneshow, datadans med verdens topper og mange utstillingar er også verdt å få med seg.
På bildet ser vi fra venstre Daniel Endestad og Hans Erik Hopen bak, ein Florø-gut, Kenneth Endestad, Leif Harry Sunnarvik, Mats Holsen, Mats Sørbø og Bent Rino Flister. Geir Arne Book var ikkje tilstedes når bildet blei tatt.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2