Under produktnamnet "Eikolade" skal konditoren og hollendaren Gert Elsinga produsere sin velsmakande konfekt ute i Havna. Etter mykje prøving og feiling har han no komme fram til nokre konfektbitar han er nøgd med og som alt er velkjende i lokalmiljøet her i Eikefjord.

Gert kjøper basissjokolade i svære blokker frå Belgia som er den beste du får kjøpt. Ellers tilset han sine eigne ingrediensar der norsk fløyte og meierismør er nokre av dei. Han reknar ikkje med stor produksjon no i starten, einaste utsalgsstad er Drageset i Strandgaata i Florø, men skulle etterspørselen auke vil også produksjonen gå opp. Sommaren er ikkje riktig tid for sjokolade, så vi får sjå nærmare den mørke og kalde årstida.
Les meir om Gert, famillien og konfekten i Firdaposten og firdaposten.no

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2