ImageRobåtkonvoien til eikefjordingane ankom indre havn i Florø i 11 tida i går. I tidsriktige klede ankom vi med damebåten først og dei andre robåtane i tett følge. Verdig seig vi inn til torget, medan publikum applauderte og det var ikkje fritt for nokre tårer i augekroken til dei stolte eikefjordingane som fulgte sine sambygdingar frå land.

Turen starta i halv 6 tida fredags kveld frå Eikefjord Bryggje med 9 båtar. I motvind og straumen imot gjekk det tungt utover fjorden. Første stopp vart lagt til Grønevika der vi fekk strekke ut og samle troppene før vi la ut på neste etappe. Her var også brødrene Hatleseth møtt opp for å vere med på turen.
Denne gjekk ut til innsida av Helgøyna der vi fekk eit velfortjent stopp etter ein stri tørn. Fjorden var tidvis kvit i den strie motvinden, men ved å koble dette ut og studere den ville fjellsida i Sundefjellet, var vi brått framme og vart mottatt med kaffi og svele av Audvin og Haldis.
På neste etappe var det avtale om fotografering, men på grunn av mange bruer på Helgøya bomma Firdaposten på plassen og fekk ikkje bildet sitt. Neste "problem" var Brandsøybrua. Her måtte damebåten senke masta slik at dei kom seg gjennom. Deretter var det berre å ro over på Grønenga der vi fekk ein varm mottaking av vertskapet, Hilde og Øyvind.
Etter ei orientering om plassen var det klart for hjortegryte. Mørt og godt, i tillegg ispedd med gode historier vart dette starten på eit fint opphold på Grønenga. Historiene vart mange utover kvelden og inn i dei små timar, berre avbrutt av nødvendige gjøremål. Som teltgeneral må Hilmar trekkast fram, uten hans kyndige og utrettelege undervisning hadde nok fleire enn eit telt blitt liggande i ei rue både med og utan stenger. Nupen besøkte oss også ut på kvelden og med gitar uten g-streng vart det sang og dansing langt ut på morgonkvisten. Beste innslaget her var nok Atle sin dans med ullvottar så han ikkje skulle slite ut hendene til roinga lørdags morgon. Det vart også sett opp lag for rokonkurransen i Florø. Med sin gode stil vart Torleik og Jarl sett opp som klar førstebåt, medan andrebåten var det meir diskusjon om. Tre navn som gjekk igjen var Ove, Torbjørn og Idar, men endeleg lag vart ikkje helt bestemt.
Lørdags morgon stilte vertskapet med nykokt havregraut, nystekte bollar og mykje godt pålegg. Ikkje rart vi vart litt forsinka i båtane. Vel ute i båtane sang vi "Ja, vi elsker" før stemnen vart sett ut fjorden. Ved Fjordbase og utover mot byen samla vi oss, og inn på indre havn hadde vi åttringen med jentene i føringa. Og dei andre følgde fint på innover mot steintrappa ved torget.
Eikefjordingane både på land og i båtane fekk den gode følelsen, og gløymt var vannblemmer, såre rygger og rumper. Det var ikkje brukt for jurymøte for å kåre eikefjordingane til båtlaget med beste entre til unionsfeiringa.
I opptoget gjennom byen var igjen eikefjordingane på plass. Med tidsriktig klede var vi eit stort følge og fint skue. Men mykje finare var nok byfruene til Myrtel. Etter jurymøte vant desse fine fruene prisen for beste innslag i opptoget, vi bønder på byen nådde ikkje helt opp.
Så var det klart for rokonkurranse. I andre heat stilte favorittbåten vår. Torleik og Jarl var klar. Etter få åretak var dei ei halv båtleng foran. Her starta dramatikken og kort summert kan vi berre konstatere "For veik, for veik var Torleif's åre". Med brota åre i vatnet bråstogga båten og skar ut. Jarl merka ingenting før han låg med ræva i kjølen og berre føttene var å sjå. Ny tidsrekning starta der og da og spørsmålet er no - Kor var du når Torleif braut åra?
Men lag to var godt det også. I det neste heatet vant Ove og Idar med beste tid for dagen og klar til finale. For å fylle ut heata sette vi inn eit 3. lag også, Ole Jonni og Ottar hadde nest beste tid helt fram til siste heatet. I finalen var det aldri tvil, når Ove og Idar hadde fått sig på båten drog dei jevnt og trutt i frå og vant ein overlegen seier.
Før retur til Eikefjord samla vi oss på flåten og var einige med oss sjølv om at utan eikefjordingane sitt innslag hadde det blitt tynne saker i byen denne lørdagen. Med gode vener rundt oss roa vi oss ned med ein halvliter og pizza før vi sette oss i båtane og organiserte slep innover fjorden. I Grønevika tok vi atter eit stopp, der vi tok turen oppom gardane og fekk nyte den fine utsikta med ein kopp kaffi og kaker.
Vel tilbake i Eikefjorden att klarte vi så klart ikkje å gå rett heim. Vi enda opp hos Torleik og Ingrid der historia om åra og teltgeneralen fekk nye høgder.

Det er berre å fastslå: Vi kan - og vi vil - og folk frå Eikefjord får det til.

Les også Firdaposten

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2