Nyheter 2022

Eikefjord SkuleOppvekst og kulturutvalet i Kinn kommune har sendt forskrift om opptaksområde for skulane i Kinn kommune på høyring, med høyringsfrist 16.02.2022.

Skulane i Stavang og Steinhovden er freda fram til sommaren 2023. Men i sitt framlegg til ny skulebruksplan går kommunen inn for å legge dei ned. Bakgrunnen er at framskrivninger av elevtalet viser at det vil falle drastisk i åra som kjem. Elevane vil bli overført til Eikefjord skule.

I samband med dette inviterer Kinn kommune til informasjonsmøte på følgande datoar

måndag 24. januar kl. 18.30–20.00 på Eikefjord barne- og ungdomsskule
tysdag 25. januar kl. 18.00–19.30 på Steinhovden skule
torsdag 27. januar kl. 18.00–19.30 på Stavang skule

Informasjonsmøta vert gjennomført i samsvar med gjeldande smittevernreglar, og vi oppfordrar alle til å ta omsyn til dette.

Utdrag frå høyringsutkastet til Kinn kommune:

Med heimel i Opplæringslova § 8-1 vedtek Oppvekst og kulturutvalet i Kinn kommune slikt høyringsutkast som framlegg til kommunal forskrift om opptaksområde for skulane i Kinn kommune, med verknad frå 01.08.2022:

8. Steinhovden skule vert lagt ned, og opptaksområdet vert lagt til Eikfjord barneog ungdomsskule sitt opptaksområde, med verknad frå 01.08.2023.

9. Stavang skule vert lagt ned, og opptaksområdet vert lagt til Eikefjord barne- og ungdomsskule sitt opptaksområde, med verknad frå 01.08.2023.

10. Eikefjord barne- og ungdomsskule sitt opptaksområde femner om bygdene til grense Sunnfjord kommune i aust og sør og Grov i vest.

Pandemien har nesten halvert omsetninga til skipsverftet Brødrene Aa. – No er vi nøydde til å seie opp 30–35 tilsette, seier dagleg leiar Tor Øyvin Aa til Firda Tidende.

Denne veka vart alle tilsette orienterte om situasjonen.

20220113 elvaInste Hovlandselva går for tida stor og kvit. Det merkast godt at det er mykje nedbør og snøsmelting. Eit av dei kritiske punkta er brua på turstien på Hogane. Her er eit av punkta som er lett å samamlikne kor stor elva er no og kor stor den har vore på det meste.

I dag er det god plass under brua, men når elva er STOR går vatnet over punkta vist på bilde. 

norskeflaggDet er løyvt 50 millionar til Hovlandsvegen. Primert er det bruene som ikkje tåler akseltrykket til tungtransporten som er problemet, men vegen er også skuleveg så behovet for gang/sykkelveg er også stort.
No blir det bygd gang/sykkelveg heilt ut til krysset i Kvalvika.

20220107 parkGrendalaget jobbar med å få til ein folkepark på sørsida av skulen, med det gamle gardsnamnet «Salmontunet». Silje Fraas Øren, Gitta Sas og Målfrid Steindal frå grendelaget er ansvarlege for utforming og innhald i prosjektet. Prosjektet fekk ei løyving på 500 000 kroner i budsjettet til Kinn kommune for 2022, og er med det bortimot fullfinansiert. Totalkostnaden er berekna til 1,5 millionar kroner.

Grendalaget vil også lobbyere for eit nytt bustadfelt i Eikefjord for å stimulere til folkevekst i bygda.

Les meir i Firdaposten

Fjellet

Eikefjord

HALLEN

Kopirett © 2021 Eikefjord.net. Alle rettigheter reservert. Ved bruk av artikler, bilder etc. skal det refereres til Eikefjord.net med lenke.

Utviklet av Inovalight.eu