Årsmelding EOVH 2009 - styrets framlegg.

Årsmøtet vart halde 26.feb. `09 i Samlingsheimen – 11 medlemer møtte.

Styre: A.Svardal – leiar, Jan Osa – nestleiar, Lidv. Øyra – kass., Einar Øren og Sigmund Eimhjellen.

PV i rekkefølgje: Asle Ellingsund, Atle Øren, Evert Havn, Jan Harald Pedersen og Elias Eimhjellen.

 

Fangstrapportering `2009.

Rapporteringssoner:

Oppstraums Gygrefossen – Evert Havn

Osa/Vasset – Svardal – Jan Atle Osa (Brynjar Svardal rapporterer direkte til Fiskeforvaltaren).

Osen – Hans Terje Anonsen

 

Rapportert fangst: 112 laksar (av desse vart 66 sett ut att) – ein nedgang på 10 fiskar frå året før..

63 sjøaurar – ein nedgang på 21 fiskar.

 

Fangstavgrensing: Fiskeforvaltaren innførde fangstavgrensing for laks og sjøaure i 2008. Avgrensinga vart gjennomførd etter drøftingar med elvaeigarlaget og var eit alternativ til innkorta sesong. Avgrensinga vart slik:

oppstraums Gygrefossen , ingen avgrensing. Osa-Vasset, inntil 4 laksear pr veke, men ingen avgrensing for sjøaure, Svardal, inntil 6 laksar pr veke, men ingen avgrensing på sjøaure. Etter tilbakemeldingar å døme, fungerte ordninga godt. Osen Gard hadde også fangstavgrensing. Kvotane der var 4 laksar og 2 sjøaurar pr veke.

 

Nye fiskekvotar fom 2010.

Fordi laksestammen i vassdraget vårt er truga ( vassdraget er klassifissert til ikkje å ha ein berekraftig bestand ), har styret foreslått nye fangstkvotar pr veke etter samråd med nokre av fiskerettshavarane: Langedalselva 2 laksar , Storelva (mellom Endestadvatnet og Blåmannsvatnet) 2 laksar, Osa-Vasset 2 laksar, Svardal 3 laksar og Osen- 2 laksar.

For sjøaure er der ingen avgrensingar bort sett frå i Oselva der vekekvoten er 2 fiskar. Desse kvotane har fiskeforvaltaren godteke, og meininga er at dei skal gjelde dei neste fem åra.

Fisketidene er som før ( 1. juni – 17. august for laks og 1. juni – 31. august for sjøaure).

 

Prøvefiske etter rømd oppdrettsfisk: .Det vart gitt løyve til fangst av rømd oppdrettsfisk på Endestad, Osa , i Svardal og Osen.

På Osa vart det fiska, men dei fekk berre kjø, på Endestad vart fanga 2 villlaksar, i Svardalen vart det fanga 8 villaksar og ein oppdrettslaks og i Osen vart det fanga nokre få fiskar.

 

Innlandsfiskeprosjekt Sogn og Fjordane.

Ein har kontrakt med Sogn og Fjordane Skogeigarlag BA om at EOVH skal vere med i Innlandsprosjekt SFJ. Kon-tingenten for 2009, kr 20 000,-, er betalt over driftsbudsjettet.

 

SMS-sal av fiskekort. Innlandsfiskeprosjektet initierte SMS-sal av fiskekort mellom Endestad og Blåmannsvatnet. Det resulterte i sal av til saman 18 kort for i alt 1390 kroner. Pengane, minus provisjon til Innlandsfiskeprosjektet, vert etter planen betalte til kvart einskilt gardsnr.

 

Universelt tilrettelagd fiskeplass ved Storebru. Dette har dagleg leiar i Innlandsfiskeprosjektet, Gunn Moldestad, arbeidt mykje med saman med grunneigarar frå Endestad. Konklusjonen er no at ein skal utvikle ein plass ved sagbruket til Oddvar Endestad, arkitektar har laga ein skisse for korleis det heile kan verte sjåande ut .

Innlandsfiskeprosjektet fører arbeidet vidare – detaljplanlegging, finansiering, osb – alt saman i samarbeid med grunneigar(ar).

Møteverksemd.

Styremøte – i meldingsåret har ein hatt to styremøte, den 26. mars 2009 og den 28. januar 2010. I tilleggg vert det eit møte i forkant av årsmøte `2010.

 

Møte i styringsgruppa for Innlandsfiskeprosjektet SFJ.

Styreleiaren er med i styringsgruppa for Innlandsfiskeprosjektet SFJ og har vore med på to møte der – i mars 2009 og januar 2010.

 

Allmøte-fiskerettshavarar den 23. mars. Hovudtema: Om Innlandsfiskeprosjektet SFJ generelt, om tilrettelegging av fiskeplassar og om nettbasert sal av fiskekort.

 

Driftsplanen vart godkjend på årsmøte `09, arbeidet med planen er oppgjort. Planen er lagd ut på Eikefjord nett. Eitt av måla i planen var å få med medlemmar frå alle gardsnummera langs vassdraget. Det har ein oppnådd i og med at Kenneth Tonheim frå Langedal og H. Anonsen frå Osen no er med.

 

BU-midlar/SMIL-midlar.

Laget fekk tilsegn om kr 21 000,- i SMIL-midlar frå Flora kommune til ryddingsarbeid langs vassdraget oppstraums Blåmannsvatnet, og det er utarbeidd ryddeplan på elvastrekningane opp til Krokstadvatnet. Planen er laga av Alf Erik Røyrvik i Sogn og Fjordane skogeigarlag. Arbeidet hans kosta vel kr. 18 000,-. Det er førebels betalt over prosjektkontoen.

Vi søkte også Gloppen kommune om SMIL-midlar, men fekk avslag derifrå.

Rusefangst `09.

I Endestadvatnet har vi drifta to ruser, og der er det tatt opp ca 350 kg røye og aure. Ålen er no freda so, dermed ingen fangst. K-faktoren vart målt 2 gangar, den 18. mai og den 2. juni, resultata varrt

I Krokstadvatnet vart det fanga 150 kg røyr og 55 kg gråkjø. K-faktoren er målt ein gong tilxxx , for 10 fiskar.

 

Fisketeljar i Gygrefossen - har vore i drift sidan 16. mai, det vart registrert berre 36 passeringar – eit svært lågt tal samanlikna med i fjor – det skuldast truleg at det var svært lite vatn i trappa dei fførste månadene. Evert har stått for avlesingane og har montert og demontert teljaren.

 

Faglege møte/kompetanseheving.

Edgar Endestad, Oddvar Endestad og Anita Tonheim deltok på kurs i fisketurisme, arrangert av Innlandsfiskeprosjektet på Skei hotell. Laget betalte ein del av deltakaravgifta.

Gunnvald Stegane deltok for eigen rekning på kurs i Naustdal/Gaular om rydding av elvakantar og tilrettelegging av fiskeplassar. Innlandsfiskeprosjektet var hovud arrangør.

Jan A. Osa og Aslak Svardal deltok på seminar i Førde arrangert av Norsk Skogeierlag, om fisketurisme. Innlandsfiske-prosjektet i SFJ betalte utlegga. Anita Tonheim deltok for eigen rekning på same seminaret.

 

Andre tiltak:

Registrering/teljing av gytefisk – etter initiativ frå Osen Gard er det gjennomført registrering/teljing av gytefisk. Det er registrert 150 -200 fiskk, godt og vel 70 % nedanfor Gygrefossen.

Utlegging av gytegrus – Osen Gard har organiset og lagt ut gytegrus nedanfor Oslendingen, Det er registrert gyteaktivitet der allereie.

 

 

Framlegg: Årsmeldinga vert godkjend.

 

 

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2