Share

20161117.200 3ihundrePå Eldresenteret i Eikefjord var det stor feiring med heile tre jubilantar. Gudrun Hovland feirar i dag, torsdag 17/11, 100 år. I mars fyller Maria Ramsdal 100 år og i går fylte Olav Sunnarvik 95 år.

På eldresenteret var bebuarane, betjeninga og familie samla til feiring med bollar og kaffi. Betjeninga hadde også laga sanghefte til ære for jubilantane.

Ordførar Ola Teigen takka for invitasjonen, det er ei ære å bli invitert til 100 års feiring.
På ein dag der kommunen nettopp har passert 12000 innbyggjarar passer det å feire 100 år i dag. Vi lever lenger og i Eikefjord lever dei lengre enn alle.

Ein blir audmjuk, seier ordføraren vidare, når ein ser på tidsperspektivet. Ein hundreåring er født i 1916, midt i første verdskrig. På dei hundre åra har Norge gått frå å være det fattigaste landet i Europa til å bli rikast i verda.

Det er nett dei som er 100 i dag som har vore med på å bygge dette landet. Vi håpar dei unge klarer å føre arven vidare.

 

20161117 600 kongen

Barnebarnet til Gudrunn, Bjørn Tore Gaard Hovland, overrekte brev der kongen gratulerte med 100 års dagen

20161117 600 brev

HUMLESTØL

camera hum

HALLEN

Ingen bilder

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com