Bruk av skitposar til hundane er vel og bra. Skal ein holde det fritt for skit langs vegane er det heilt nødvendig. Bruk av skitposar på fjelltur kan være greitt om det ligg ei rue midt på stien, men det er også greitt å ta ein kvist og kaste skiten ut i naturen.
Enkelte ganger ser vi bruk av skitposar som på bilde. Dette er så misforstått reinhald av naturen som det går an. Her heng skiten til nokre andre enn hundeigaren fjernar posen. Dette er verre enn alle sneipane og anna rusk som ligg igjen rundt kvilestadar på stien og på støylane.