Nyheter 2023
Kommunen har sjekka vasskvaliteten på dei mest populære badestrendene i kommunen. Badestranda i Eikefjord har utmerka vasskvalitet, så her er det berre å hoppe i fjorden og kose seg.
Etter lang tids arbeid er endeleg Idrettslaget i mål med hytta på fjellet. Hytta som skulle erstatte eit falleferdig sæl på Eikefjordstøylen er no plassert mellom Eikefjord- og Hovland-støylen. Inskipt i eine bjelken i hytta seier "Verda er vakker ho, berre du ser ho frå rette kanten", av Olav Duun. Utsikta frå hytta er fantastisk og det er ingen problem å seie at verda er vakker.
Hytta er eit godt samarbeidsprosjekt med eit stort skjær på vegen. Hytta skulle etter planen erstatte eit falleferdig sæl på Eikefjordstøylen. Dette skar seg og sælet på støylen står der meir falleferdig enn nokon gang. Så måtte Idrettslaget finne ny plass og valget fall på plassen like ved stien mellom støylane. Grunneigar, Hans Endestad var positiv og kunne til slutt skrive kontrakt med kommunen. Kommunen har også tatt seg av alt det formelle med plasseringa av hytta.
Det er også ein stor opptur i hytteprosjektet og det er Gjensidigestiftinga. Sparebanken har hjelpt idrettslaget med finansieringa av hytteprosjektet.
Hytta som er bygd av Flora vidaregåande Skule blei løfta på plass av helikopter og finish arbeid kunne gjerast før dagens opning.
Per-Øyvind Sørbø, motoren i prosjektet, kunne ønske velkommen til opning av hytta.
Så kunne snora klippast og hytta erklærast for opna.
Hytta skal være open for fjellvandrande sommar og vinter, så her er det berre å ta seg ein tur innom og nyte niste og utsikt.
Ei jente som kom på sykkel frå Idrettsbana var uheldig og sykla overende i botn av Smierbakken. Etter ein trailer køyrde forbi syklisten blei det meir og meir vingling før jenta plutseleg låg på asfalten. Traileren køyrde forsiktig forbi og kan ikkje skuldast for ulykka, men dette er ei ny trafikkulykke medan vi ventar på gang/sykkelveg frå sentrum og ut til stadion/krysset i Kvalvik.
No må vi igjen be våre politikarar jobbe aktivt med å få på plass midlar så gang/sykkelvegen kan byggast heilt ferdig når dei starter bygginga. Prosjektledar for anlegget håpar anbudspapira går ut i løpet av august.
Idrettslaget si hytte tok ein luftig tur onsdag ettermiddag. På grunn av lavt skydekke var det usikkert om det var flyveir, men ut på ettermiddagen lysna det såpass at helikopteret kunne ta oppdraget. På ein halvtimes varsel kunne nokon av dugnadsgjengen stille opp, komme seg til fjells og gjere seg klar til å ta imot hytta.
Litt justeringar og anna arbeid så blir hytta klar til bruk.
Sjølv med lavt skydekke på onsdag er det ei fantastisk utsikt frå hytta. Her ser vi innover mot Knapstad.
Idrettslaget vil komme tilbake med info om opning av hytta.