40 deltakarar frå rundt eit dusin ulike land frå heile verda, stilte på startstreken då det tredje løpet i løpskarusellen for Sunnfjord gjekk av stabelen i Eikefjord sundag 15. oktober. Dei internasjonale innslaga stod Kip Sumner og elevane hans frå UWC i Fjaler for.

Løypene var som vanleg 3 og 6,5 km dels på bane, og dels bakke opp og bakke ned på asfalt og grusveg.

 

I 3 km løypa var det Anita Stenevik frå Florø som gjorde det aller best med den ypperlege tida 12.05. Her må ein også nemne spesielt tvillingbrørne Terje Kristoffer og Lars Andreas Trengereid på 12 år, som kom likt i mål på så god tid som 13.53.

I den lange løypa som går frå stadion, gjennom Eikefjord sentrum til Sørgardsfeltet og attende til stadion i Kvalvikdalen, fekk vi ein aldri så liten sensasjon. Når Helge Hafsås stiller til start har vi vore vane med at han er den som kjem først til mål, slik gjekk det ikkje i dag. For då glopparen Eigil Instebø spurta inn til tida 21.24, vann han med over eit halvt minutt - sterkt gjort.

Etterpå var det ikkje premieutdeling .. den kjem først etter siste runde i løpskarusellen. Neste løp går i Førde 28.oktober, så følgjer Naustdal 12. november, før avslutninga i Florø 18. november.

Men i Eikefjord avslutta vi med å servere rykande varme nysteikte sveler og saft og pærer, for vi tykte det var kjekt å ha godt folk på besøk.

RESULTATLISTE LØPSKARUSELLEN SUNNFJORD 

       
Eikefjord  15.10.06    
       
6.5 km      
       
Menn junior Erik Fendik UWC 25.23
  Dick Muyambi UWC 27.37
       
       
Menn senior Eigil Instebø Gloppen 21.24
  Ivar Andre Slinde Gloppen 25.23
       
       
M 40 - 44 Helge Hafsås Olden 21.59
  Odd Rognebakke  Tambarskjelvar 24.04
       
       
M 50 - 54 Egil Gulholm Tambarskjelvar 25.49
  Kjartan Kvellestad Florø 31.07
       
       
M 55 - 59 Kip Sumner UWC 29.11
  Olav Lyslo Gloppen 34.38
       
Mosjon m/tid Fortunato de Sousa UWC 28.44
  Disa Hynsjø UWC 33.00
  Shasanka Pradhan UWC 33.51
  Akmal Daniyarov UWC 35.04
       
       
3 km      
       
K 35 - 39 Anita Stenevik Florø 12.05
       
       
K 50 - 54 Herdis Lexau Florø 14.33
       
       
K 55 - 59 Magnhild Myklebust Florø 14.07
  Solveig Svardal Eikefjord 14.13
       
       
M 12 - 16 Terje Kristoffer Trengereid Florø 13.53
  Lars Andreas Trengereid  Florø 13.53
       
       
M60 - 64 Terje Trengereid Florø 14.42
       
       
M 65 - 69 Harald Klakegg Førde 15.44
       
       
M 75 - 79 Kåre Ness Askvoll 17.43
       
       
Mosjon m/tid Jonathan Kola UWC 13.01
  William Montoya UWC 13.04
  Yilikal Ayino UWC 14.49
  Gustav Gordon UWC 15.09
  José Merlo UWC 16.15
  Hanna Zimnitskaya UWC 16.15
  Raine Trott UWC 16.44
  Ingunn Bergheim Eikefjord 17.04
  Eli Smedsrud UWC 17.40
  Qun Chao Zhan UWC 19.02
  Hailey Barker UWC 19.31
  Elisabeth Berggrav UWC 20.38
  Si Jie Loo UWC 21.29
  Li Yuan Wang UWC 21.34
       
       
Mosjon u/tid Nils Fløholm Florø fullført
  Ragnhild Høyset Eikefjord fullført
  Reidar Høyset Eikefjord fullført
       

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2