ImageHovlandstøylen opp blei arrangert idag i til dels dårleg veir. Turgåarane la ut mellom bygene, men dei fleste fekk både ei og to byger før dei kom seg opp på Hovlandstøylen. Trass dette var det 82 turgåarar som tok turen oppover Hovlandslia. I konkuranseklassen var det 30 herrer og 7 damer på startstreken.

Dette gjekk over all forventning, seier leder i friidrettsgruppa Hanne Lid, vi må få lov å rette ein stor takk til alle som deltok, alle som hjelpte til, alle sponsorane våre og grunneigarane som tillot løpet. Ei spesiell takk til Audvin Eikefjord og Bjørn Øren som stilte seg sjølv og sine biler til disposisjon.

På herresida var det Helge Hafsås frå Olden som var raskast opp med tida 20,34 på dei 3800 meterane og totalt 420 høgdemeterane frå Idrettsparken og opp til Hovlandstøylen. Beste gutteløper og beste eikefjording var Øyvind Sørbø med tida 25,25 - helt fantastisk av ein 13 åring.
På damesida var det Norunn Stavø frå Florø T&IF som var raskast med tida 25,42 og beste jenteløper var Malene Haukøy frå Høyang IL  med tida 26,33 som også er ei fantastisk tid for ein så ung løper.
Resultat finn du nedenfor bilda.

Friidrettsgruppa fekk mange lovord for løypetraseen, men det var bratt. Det fekk vinnar Helge Hafsås merke i den siste kneika opp til mål. Han hadde skikkeleg stive bein og var nok glad for målsnøret som redda han. Slik hadde nok mange det opp siste bakken, medan andre kom godt utkøyrde med eit smil om munnen.

Turgåarane gjekk så snart dei hadde fått startnummer, her representert med nokre av dei gamle travarane.
Image

Hunden er ein god følgesvenn i terrenget
Image

Starten i konkurranseklassen
Image

Innkomsten oppe på Hovlandstøylen. Det er ca 70 høgdemeter å forsere på dei siste 250 meterane.
Image

Helge Hafsås måtte helt i kjellaren dei siste meterane, men tida 20,34 er meget god.
Image

Det såg lett ut der Øyvind Sørbø (13) kom joggande opp til mål. 6 plass totalt og beste eikefjording. Far fekk høyre at Øyvind kanskje hadde valgt feil idrett.
Image

Norunn Stavø var beste dameløperen, ikkje lett å følge denne spreke dama.
Image

Malene Haukøy var beste jenteløperen, lett og ledig, men litt mo i kne siste meterane.
Image

Margunn Sunnarvik var beste dameløparen frå Eikefjord.
Image

Er det dette eg har kava meg helt opp her for. Svaret er nok heller for å måle krefter med seg sjølv.
Image

Gåvepremiane var menge så over 1/4 av deltakarane kom heim igjen med flotte gavepremier.
Image

Steinar Midtbø vant ei fin Jonsered sag gitt av Kjelsnes Sag og Plenklipperservice 
Image
Andre sponsorer: Havn Auto (Deltakermedaljer), SFE (Startnummer), Eikefjord Elektro, Steinvik fiskefarm, DAT, Firda, Firdaposten, Førde Sport, Førde Gullsmed, Førde Fargehandel, Møbelringen, A. Flaten TilBords, Fjord1, Olefine, Industridata.

Sjå biletserien til Firda

(NB! Første året gjekk løypa frå Idrettsbana.)

 

 

Hovlandstølen Opp 2006  
  Herrer    
       
33 Helge Hafsås Olden IL 20,34
16 Odd Rognebakke Tambarskjelvar IL 21,52
30 Kjell Mundal Jølster IL 22,08
36 Jørund Hammersvik Førde IL 23,00
17 Kjell Øygard Jølster IL 24,16
3 Øyvind Sørbø Eikefjord IL 25,25
27 Ole Hegrenes Førde IL 25,49
8 Brynjar Holsen Eikefjord IL 25,58
29 Inge Værøy Florø T&IF 26,58
22 Olav Herstad Tambarskjelvar IL 27,07
6 Ole-Jacob Lid Eikefjord IL 27,49
13 Andrè Høyset Eikefjord IL 27,50
34 Odd Aril Dale Førde IL 28,22
18 Martin Skulbørstad Florø IL 29,10
25 Mats Hovland Eikefjord IL 29,22
24 Hallvard Burø Sunde Førde IL 29,31
39 Kolbjørn Hovland Eikefjord IL 29,51
10 Terje Kristoffer Trengereid Florø T&IF 30,03
15 Trond Økland Florø T&IF 30,26
9 Terje Trengereid Florø T&IF 31,07
38 Roger Øye Pollen Førde IL 31,16
11 Lars Andreas Trengereid Florø IL 31,29
37 Josten Berntsen Førde IL 31,36
1 Steinar Midtbø Norddalsfjord IL 31,51
35 Bjarte Liseth Eikefjord IL 32,00
2 Per-Øyvind Sørbø Eikefjord IL 32,30
12 Ivar Fugle Nordhaug Førde IL 33,36
26 Jan Olav Endestad Eikefjord IL 34,53
21 Kåre Ness Askvoll IL 36,40
7 Magnar Gangsø Sande IL 36,44
       
       
  Damer    
       
31 Norunn Stavø Florø T&IF 25,42
28 Malene Haukøy Høyang IL 26,33
19 Eli Anne Dvergsdal Jølster IL 28,47
20 Margunn Sunnarvik Eikefjord IL 30,22
14 Solveig Svardal Eikefjord IL 31,44
5 Elin Margrethe Sørbø Eikefjord IL 31,47
32 Bodil Hovland Øren Eikefjord IL 36,23
       
       
  TRIM, dame og herre    
       
101 Nils Gisle Fløholm Florø T&IF  
102 Lina Kristine Sørbø Eikefjord IL  
103 Inger Karin J. Sørbø Eikefjord IL  
107 Marit Endestad Eikefjord IL  
108 Annrun Hovland Eikefjord IL  
109 Lise Engebø Hundersagen Tambarskjelvar IL  
110 Anne Grete Naustdal Tambarskjelvar IL  
111 Kjellaug Bromseth Jølster IL  
112 Magnar Hovland Eikefjord IL  
113 Berit Hovland Eikefjord IL  
115 Benedikte Svardal Eikefjord IL  
116 Ola Fuglestrand Sandane IL  
117 Odd Asle Endestad Eikefjord IL  
118 Ester Frøyen Florø T&IF  
119 Einar Vereide Florø T&IF  
121 Preben Sørbø Florø T&IF  
122 Monica Sørbø Florø T&IF  
123 Frida Sørbø Florø T&IF  
124 Malin Sørbø Florø T&IF  
125 Denise Kildal Florø T&IF  
126 Brage Burø Sunde Førde IL  
127 Bjørn Kristian Sunde Førde IL  
128 Kristin Burø Førde IL  
129 Ingunn Bergheim Eikefjord IL  
130 Edvard Johansen Florø T&IF  
131 Mathias Johansen Florø T&IF  
132 Henrik  Sørdal Florø T&IF  
134 Ola  Sørdal Florø T&IF  
135 Geir- Magne Øyra Eikefjord IL  
136 Hilde-j. Ellingsund Eikefjord IL  
137 Elemine Josefine Ellingsund Øyra Eikefjord IL  
138 Jonas Ellingsund Øyra Eikefjord IL  
139 Ole Martin Sunnarvik Eikefjord IL  
140 Anders Ole Sunnarvik Eikefjord IL  
141 Aud Agledal Eikefjord IL  
142 Ove Agledal Eikefjord IL  
143 Silje Agledal Eikefjord IL  
144 Arild Strømmen Eikefjord IL  
145 Irene Havn Eikefjord IL  
146 Yngve Havn Eikefjord IL  
147 Sveinung Havn Eikefjord IL  
148 Haldis Hovland Eikefjord IL  
149 Arne Sørbø Eikefjord IL  
150 Thomas Hallstensen Eikefjord IL  
151 Albert Hamn Eikefjord IL  
152 Vegard Skaflestad Hegrenes Førde IL  
153 Ragnhild Høyset Eikefjord IL  
154 Reidar Høyset Eikefjord IL  
155 Arthur Førde Eikefjord IL  
156 Solveig Sunndal Eikefjord IL  
157 Eli Barlund Eikefjord IL  
158 Bjørn Blikken Høyang IL  
159 Marie Blikken Høyang IL  
160 Torbjørn Vik Florø T&IF  
161 Heidi Hammerseth Florø T&IF  
162 Runar Vik Florø T&IF  
163 Ingeborg Vik Florø T&IF  
164 Ester Belsvik Florø T&IF  
165 Vidar Knapstad Eikefjord IL  
166 Marianne Ullaland Eikefjord IL  
167 Matias U. Knapstad Eikefjord IL  
168 Ole Daniel Solvang Florø T&IF  
169 Jofrid Sunndal Eikefjord IL  
170 Simen Østvik Florø T&IF  
171 Anne Solfrid Borren Jølster IL  
172 Otto Ramsdal Flora CK  
173 Rita Gamlestøl Flora CK  
174 Oddvar Grotle Florø T&IF  
175 Sissel Grotle Florø T&IF  
176 Martin Grotle Florø T&IF  
177 Kristian Grotle Florø T&IF  
178 Anders Grotle Florø T&IF  
179 Sondre Skorpen Florø T&IF  
180 Renate Øye Pollen Førde IL  
181 Torild Øye Pollen Førde IL  
182 Bjarte Øye Pollen Førde IL  
       

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2